I Buenos Aires er det fint ver. På La Bombonera regnar det. Spytt.
Å fara på fotballkamp når ein er i Argentina er noko ein berre må gjera. Difor gjorde me det. Og vart ikkje skuffa. Gjennom Eduardo, ein av desse før nemnde argentinarane med skjegg og godvilje, hadde me fått fiksa kampbillettar til ein del av stadion som skulle vera toleg trygg. Me var i alt 13 studentar som tok i veg, og 13 som kom attende. Argentina er ein fotballnasjon, det er det ingen tvil om. Og når laga i toppserien barkar saman blir det eit liv som får troillonga, plankehaugar, store stå, horder og blåkvalar, måker og kråker, til å verka som små sus i siv. Det var trommer og song i 90 minutt, og så song og tromma dei litt til. Men fyrst korleis ein kjem seg på kamp.
Me troppa opp i Peru (som er kallenamnet på huset til gjengen som bur i Peru-gata) og fordelte billettane mellom oss. Så tusla me forventningsfulle i retning av stadion. Ein av oss hadde lese litt på kartet og skulle ha nokonlunde peiling på vegen, me kan kalla han Stig, og han losa oss ut av trygge San Telmo og inn mot litt meir utrygge Boca. Sjølv om han hadde stålkontroll på vegen var det greitt at ei, me kan kalla ho Vilde, hadde med kart. Uansett var det forresten berre 12 av oss på den tida, for ei av oss hadde hatt litt problem med å nå fram til Peru i tide. Me kan kalla ho May. Likefullt såg me snart stadion lysa opp i det fjerne. Og det gjer han verkeleg, stadion til Boca Juniors. Dei kallar han La Bombonera, og er høg og gul og ikkje heilt rund. Me hadde fått øyro og hovud full av ulike åtvaringar frå Eduardo om kor mykje som kunne vera farleg nede i Boca under Boca-kamp, så det var ein noko forsiktig gjeng som prøvde å finna fram til rett inngong. Det fann me ganske raskt, i alle fall i følge tryggingsvaktane som losa oss inn i ei sluse som gjekk mot stadion. Der fekk nokon seg hamburgar og kola, medan andre trippa og venta på å få komma inn. Då me så skulle inn, viste det seg at me var i feil ende av stadion. Me vart sende ut og rundt eit par kvartal til ei ny sluse. Då me viste politiet billettane våre, såg dei raskt på kvarandre og stillte oss inntill eit gatehjørne medan fleire stod vakt kringom oss. Me hadde tydelegvis havna i slusa som bortesupportarane kom inn i, og dei ravande og lett bedugga grøn-svarte supportarane var ikkje rette folket for oss, meinte politiet. Omsider sende dei oss vidare rundt nokre kvartal til, og då fann me rette inngongen. Berre dei flotte blå-gule supportarane til Boca Juniors. For å gjera resten av inntoget kort kan eg fortelja at kom oss inn på stadion utan noko særleg trøbbel, og at me plasserte oss på kortsida saman med ihuga Boca-fans. Og at May, etter å ha tatt taxi til stadion, klarte å smila seg gjennom diverse kontrollpostar slik at ho kunne få billett av oss og slik komma seg inn.
Eduardo hadde nemnd noko om at me burde komma oss under tak slik at ikkje dei som sat i høgda over oss kunne hiva ting ned på oss. Pøh, er vel berre tull, tenkte dei fleste av oss, men tri av jentene fekk seg difor plass heilt øverst på etasjen vår. Det viste seg imidlertid at det var bortesupportarane som sat på øverste høgde over kortsida me sat på, og at dei har for vane å spytta og hiva ymse kroppsleg utskil ned på bocafans. Fotballkultur. Fotballkultur. Argentina.
Kampen enda 1-0 til Boca. Så er me ferdige med det. Boca var best, pressa høgt, hadde dommaren med seg i fyrste halvdel og tildels mot seg i andre, og klarte å få det avgjerande målet. Flott spel. Det er derimot det som skjer på tribunen som er morosamt å skriva om. Dei syng her i Argentina. Syng flott! Det er ikkje noko slags fomlande og halvkveda heiarop, dei syng og trommar songar frå fyrste til siste minutt. Eg trur eg kunne skilja ut 5 songar som kvaddest gjennom kampen, og spesielt på eit par av dei gjekk det kaldt nedover ryggjen. Heile stadion hoppa og dansa og song i takt, medan trommene gjalla og trompetane bles. Og for eit lydnivå! Etter beste evne song me med, og klappa og heia, og prøvde oss på argentinske gloser me snappa opp her og der. Det kuliminerte då Boca fekk målet sitt etter kring 80 minutt. Då heiv folk seg i armane på kvarandre, hylte, dansa, lo. Ein av oss, me kan kalla han Kim, vart heilt reven over ende og fekk ikkje med seg målet eingong. For ein stemning!!
Det var då spyttklysene byrja å falla. Som kvite,stilsikre Stuka-fly, stupa dei nedover og landa på både det eine og det andre. Hettegenser er eit sjakktrekk då. Men slikt får ein heller leva med. Det er fotballkultur. Det er annleis. Det er sjarmerande på sitt vis.
Så var kampen over. Me måtte venta i spyttregnet ein halvtimes tid på at vår del av stadion skulle losast ut, og då me skulle gå ned trappene viste det seg at San Martin-supportarane hadde vore såpass fotballinteresserte at dei ikkje hadde vore på do i løpet av kampen – og heller samla alt i koppar og kar og slengt deg kringom seg på veg ned trappene. Og Kina sin gule flod fekk slik ein argentinsk konkurrent. Ikkje så veldig sjarmerande, men likefullt fotballkultur. Fotballkultur. Argentina. Godt me ikkje gjekk i sandalar…
Vel ute av stadion var det berre ein kort spasertur heimatt til San Telmo. Takk for ei flott fotballoppleving. Eg skal garantert tilbake dit!
Eskil