Vi ankom Ometepe torsdags ettermiddag, litt seiare enn planlagd, og fekk då ikkje utnytta dagen slik som vi gjerne ville. Det som overraska oss mest med øya var kor “stor” den er, altså kor innmari lang tid det tek å komme seg frå ein plass til anna på dei dårlege vegane og kor innmari dyre taxiturane var der (i forhold til Leon, ikkje Noreg).

Vi budde litt ute i audemarka hos eit par frå Spania og Polen med ungar som sprang rundt mellom hønene. Og eg trur vi var dei einaste gjestane deira.

Det var ikkje så lett å komme seg frå A til B på kveldstid, men vi fekk oss ein svipptur til Myogalpa og åt middag hos ein heilsprø Argentinar.

Dagen etterpå reiste vi på “tour” med ein bekjent av hosteleigaren og ein kompis av han igjen som snakka godt engelsk (greit for Tor sin del). På to motorsyklar suste vi over øya og såg kanskje det som var å sjå.

Vi kunne gått på eine vulkanen, men det hadde tatt 8-12 timar. Og det orkar vi rett og slett ikkje når det er 37*C i skyggen og du ikkje har noko skyggemulighet på 12t.
Vi kunne også reist delvis oppover den minste vulkanen og sett eit fossefall. Men sidan vi er på seinsomaren er det nesten ikkje vatn i fossen eller kulpen, og køyreturen i timesvis hadde blitt noko vekkasta.

Då gjorde vi heller alt anna..

Det vil seie at vi besøkte laguna Charco Verde. Gjekk rundt laguna, fekk høyre legenda om Chico Largo, gjekk opp ei anna løype, vassa litt på ei strand og gjekk opp til eit utkikkspunkt.

Deretter reiste vi til andre delen av øya og såg på Petroglyfane. Tidlegare var det store innhogde maleri på vulkanen, men etter eit utbrot vart steinen delt i fleire bitar og spreidd utover øya.

Vi reiste til Santa Domingo og lunsja ved stranda.

Vi bada og slappa av i skyggen ved Ojo de Agua.

Avslutningsvis reiste vi ut til Punto Jesus Maria. Der dei to vasstraumane rundt øya møtest, og dermed lagar ein lang pir av strand og småskjell. Men der er livsfarleg å bade på grunn av straumane, så det er kun lov inne i den roligaste bukta.

På kvelden spaserte vi litt rundt og opp til den eine restauranten i nærområdet.

Klesvask i innsjøen

Laurdags morgon reiste vi til(bake) Granada. Der åt vi lunsj på ein kamel, åt god italiensk is og spaserte litt rundtom. Nede ved havna er der potensiale til å bli veldig fint, men dei må nuk arbeide i nokre år til før dei har klart å skape det dei prøvar.
Det vart såklart litt shopping av souveniar igjen, og bøker – eg måtte innom bokhandleren og fylle på med eksamensdistraksjonar/belønning, og gubben er som vanleg så standhaftig at eg var den som vart først lei av shoppinga.
Så åt vi middag på ein fin restaurant, åt dessert i hovudgata blant gateunderhaldnarane og sugde til oss atmosfæra før vi køya tidleg.
Kl.04 søndags morgon gjekk bussen frå Granada til flyplassen, der finaste karen vendte nasa heim att mot Noreg, og eg vendte tilbake til León og skulebøkene.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *