Slik går dagane for seg, etter skuletid. (ja, vi har undervisning til og med dagen før eksamen).

Her øver vi på dei 10 ulike verbformane (som kvar igjen har 6 ulike bøyngar utifrå person og tal). Både regelrette og uregelrette.
Også øver vi oss på pronomen, determinativer, gerundium, adverb, preposisjonar og alt du kan tenkje deg innafor gramatikk. Og enda meir, sidan spansk er eit mykje meir komplekst og nyansert språk enn norsk.
I tillegg til gramatikken les vi og tileignar vi oss kunnskap om Latin-Amerika, slik at vi kan skrive ein tekst både med god gramatikk og god kunnskap på den skriftlege eksamenen.

Mykje å halde styr på, så hovuda våres kokar litt og vekslar mellom å ha fast og flytande form.

Det ser jo ganske fredelig ut, ikkje sant?

Du høyrer ikkje alle rakettane, kanonane og lydsirene som smell og hyler jamt og trutt heile dagen, kvar dag. Det er faktisk slik at ein av og til lurer på om det er krig.. I tillegg høyrer ein bilane som tutar, tiggarane som ropar og forbigåande som pratar/skrik.
Dette er ein levande by!

Også er det innmari varmt. 39*C i skuggen, men “kjennest ut som 45*C” i følge veirmeldinga. I skuggen. (Og veirmeldingar på 22*C brukar å resultere i 26*C på gradestokken!) Det er ikkje mange sekunda vi oppheld oss i sola om dagane, for å seie det slik!
Det er noko med det å sitte heilt i ro, i skyggen, med kvilepuls og ei kald flaske vatn i handa – og likvel kjenne at sveitten renn nedover ryggen og bringa. Ikkje kvardagskost for oss nordmenn!

Men. Vi har det veldig fint altså.
Personlig har eg ikkje mykje eksamensnervar. Eg fokuserar ikkje på dei småtinga eg ikkje kan (for det er nuk ein del dersom eg tenker meg om), men tenker heller over kor utruleg mykje vi/eg har lært her nede. Eg hadde ikkje trudd det før eg reiste ned hit, men eg trur faktisk eg kjenner meg trygg nok i faget til å kunne undervise i det på byrjarnivå i grunnskulen. Trikset er å halde det ved like når eg kjem heim.

I morgon (torsdag) er siste dagen med undervisning. Fredag er det skritfleg eksamen. Mandag/tirsdag er det munnleg eksamen. Og då gjenstår berre diplomutdeling, avskjedsfest og til slutt heimreisa følgande søndag. Hu hei!

Carina

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *