Skriftleg eksamen er overstått, og mange av oss er fornøgde med eksamen medan andre kun er fornøgde med å vere ferdig.
Rett etter eksamen vart det kafébesøk og avslapping på eksamenslokalet, som er det dyraste hotellet i Leon i følge det eg veit. Dei neste timane etter skriftleg eksamen var det nemleg trekking av tema til munnleg eksamen, som skal føregå over helga. Vi nytta anledninga til cocktails.
Seinare på kvelden var majoriteten av Kulturstudiers studentar ute i Leons gater, på restaurantar, barar og ulike klubbar. Ferdig med eksamen og fredagskveld måtte feirast.
Laurdag var det derimot tid for realiteten. Eg trakk oppgåve om moderne historie og presidentane i Nicaragua. Midt i blinken for meg som unngår økonomi og politikk for alt det er verdt. Så no skal eg bli ein ræcer i vanskelige ord på spansk, som eg ikkje eingong kan på norsk. “Heldigvis” er politikken her nede litt meir dramatisk og spanande enn politikkampane heime i Noreg. Det finnast ikkje skilnader innafor politikken i Noreg dersom ein samanliknar det med politikken her nede.
Så, for tre dagar i mitt liv skal eg studere politikk og moderne historie. Noko seier meg at det blir både første og siste gong.
Ja, også i går kveld, så øste det plutselig ned her i Leon. Skikkelig høljregn! Deilig. Det tok ca 3 minutt før gatene var oversvømde, ca 5 min før ein kjende at den intense varmen slapp litt tak, ca 20min før byga var over og 2t før alt var tørt att.
Rolig filmkveld |
Full skulebuss ut til stranda og siste fellesmøte |
Eksamensmat. Brain food. |