Fram til no har vi sett meir lyn enn vi har høyrt brak, men i kveld slår Tor hardt. Eg ligg i senga med føtene oppetter veggen og kryssar fingrane for at straumen held, så vifta kan fortsetje det livsnødvendige arbeidet sitt.
Trass i ein heidundrandes velkomstfest i går med koldtbord, god drikke, live nicaraguansk musikk og timar på dansegolvet (OH JOY!), har dagen i dag vore god. Eg somla meg opp litt etter litt, og klarte i ti-tida å kome meg utanfor huset. Det høyres kanskje ikkje så seint ut, men på denne sida av kloden, byrjar dagane som regel i halv sju-tida. Rigo, ein av lærarane, minner oss på at vi må ”paste ourselves” – finne rytma vår. Etter at vi kom til Leon har det skjedd noko heile tida, så det var herleg å vandre rundt i sine eigne tankar og sjå på Nica-livet.
På marknadane sel dei middagsmat, frukt og grønt, heimelaga smykker, kle, vaskemiddel og mykje meir. Damene spaserer rundt med tunge bører på hovudet som ingenting, og vegane mellom bodene er inni mellom så smale at ein berre kan gå to i breidda. Då har eg meir enn nok med meg sjølv, så fotoapparatet er ikkje eingong påtenkt.
Kjøkenknivane vert kvessa på gata utanfor restauranten.
Seljarane ropar og annonserer. Eg forstår enno ikkje mykje spansk, men oppfattar eitt ord her og eitt ord der, mellom anna chela (kvit jente) og tortillas. Når eg prøvar å prate, og forklarar at aprendo español, er dei fleste seljarane snakkesalege og villige til å lære frå seg.
Walter (eller noko liknande) og Saul: to med mykje humor og vennlegheit.
Setningane høyres ut som eitt langt ord, så eg bruker tid på å dele dei opp. Førebels går det meste bra med kreativt kroppsspråk og ei lita ordbok i veska.
– Solveig