Klokka er fem om morgonen. Eg sit ved eit bord rett utanfor romet og høyrer på motorduren frå byen, fuglar som syng, hundar som bjeffar og andre lydar eg ikkje heilt klarar å identifisere. På himmelen kan det verke som sola er i full gang med å stå opp. Noreg ligg åtte timar framom oss i tid, noko kroppen ikkje heilt har klart å venje seg til.
Laurdags morgon måtte vi opp halv fem for å kome oss til Gardermoen. Allereie her traff vi mange med same destinasjon som oss. Tjuefire timar etterpå var vi framme i eit varmt og veldig fuktig Managua, hovudstaden i Nicaragua, der vi vart møtte av personale frå kulturstudier. Derifrå skyssa dei oss vidare på våte vegar med ein gul skulebuss av det gamle, amerikanske slaget. Ved sida av sjåføren stod ein kar og passa på at døra, som gjerne glei opp i svingane, var lukka. Som venta er trafikken her mindre regulert enn heime. Tvilsame forbikøyringar, bryting av vikeplikta og tuting er ikkje uvanleg. Men farta er ikkje så høg, så samanlikna med India er det ikkje så gale.
Bussen som fraktar oss overalt.
Etter eit par timar, klokka halv elleve lokal tid, var vi framme i Leon og Hostal the Monkey Republic. Eigarane av hostellet, som også bur her, er eit nicaraguansk par med ein tre månadar gammal gut. Her skal vi bu saman med 24 andre studentar som går same studie som oss.
Av ein eller annan grunn hadde eg sett føre meg at soveromet Sigrid og eg skulle dele, hadde kvite veggar og eit eige, flislagt bad. Eg vart raskt desillusjonert. Romet har rett nok lyse veggar, men det einaste møblementet er to senger og eitt skap i tillegg til ei vifte. Toalett, dusj og vask er ein del av fellesarealet, og er inndelt i båsar. Den fyrste tanken eg hadde var: ”Her vert det pinleg å ha diarè.” Trass i forventningane vart eg ikkje nemneverdig skuffa, heller overraska over kor storforlangande eg var. Intimgrenser er oppskrytt, er det ikkje?
Hostellet er elles veldig triveleg. Ovanfrå kan bygget sjå ut som eit litt avlangt, firkanta åttetal. I eine kortenden er toalett, dusjar og vask. Langs sidene nedover ligg soveroma, og i midten er kjøken – eitt som familien brukar og eitt til vår disposisjon – ein bar, som er open om kveldane, og felles spisebord. Vidare nedover er der fleire soverom, og i siste kortenden er utgongen. Dei to hola i det nemnde åttetalet er taklause opningar til himmelen. Her er det planta to små hagar med mellom anna mango-, sitron- og limetre.
Søndagen vakna dei fleste tidleg, og morgonen gjekk med til å handle inn frokost, ete og lese spansk. Det verkar som dei fleste har vore litt slappe i sjølvstudieperioden heime. Heldigvis. Klokka 14 møtte vi Rigo, Paloma, Elisabeth, Marthe og fleire veldig hyggelege lærarar, logistikkansvarlege og sjåførar eg ikkje hugsar namnet på. Dei gav oss grunnleggande informasjonen og ein guida busstur opp til eit utsiktspunkt over Leon. Landskapet er grønt og vakkert, og i himmelsjå kunne vi sjå ei rad med vulkanar.
Byen er ganske liten. Og rein! Husa er fargerike og låge, så sola slepp inn i gatene. Alle gatene ligg vinkelrett på kvarandre, noko som burde gjere det lett å finne fram med kart. Det verkar som nokre av oss (kulturstudie-studentane, altså) har byrja å få ei viss oversikt, men eg er enno ganske på jordet. I går kveld, på veg heim etter å ha ete middag ute, ville eg ta til høgre rett før hostellet vårt. I stikk motsett retning med andre ord. Dei rette gatene gjer også at mykje ser likt ut, sjølv om bygningane er ulike, og dei manglande gatenamna er heller ikkje til stor hjelp. Eg ser fram til å sjå meir av landskapet og byen, og kryssar fingrane for å ha ein viss kontroll i løpet av eit par veker.
Fargane på bygningane er litt sprekare her enn gråtonane heime i Noreg.
Trafikken til og frå dusjen har teke seg opp, dei fyrste solstrålane glimtar over hustaket og magen rumlar. Det er tid for ekte, nicaraguansk frokost: bønner og ris.
– Solveig