Når regnet høljar ned utanfor rommet, er det passelig å mimra tilbake på helgi og heisatur til San Juan del Sur med ei nydeleg samling jenter. For der var det ikkje mykje regn, skal eg seie deg. Derimot var det solbrente skuldre, perfekte nybegynnarbølgjer og massevis av artige ungdommar med ryggsekk og ikkje nett nyvaska hår.
Våre guida, surfeinstruktøra og partyfiksera Josh og Tyler
San Juan kan vel seiast å vera backpackerane sin hovudstad her i Nicaragua. Det er jo forståeleg, for denne vesle byen har alt ein snuskete og sliten reisande treng: billige hostell med inkludert frukost, der ein kan sove ut etter litt for lange kveldar på slitne reggeabarar. Dei har massevis av små gaterestaurantar der dei sel burritos til 50 cordobas. Det tilsvarar sånn ti kroner, kanskje. Små sjapper sel slike armband i alle fargar som tydelegvis er obligatorisk for alle ryggsekkreisande å ha ei rekke på minst ti centimeter av på armen. Eg lurar for øvrig på kva som er greia med desse armbanda. Dei har ordentleg fine fargar, men er det ein kode der eg ikkje kan sjå? Skal ein liksom kjøpe eitt på kvar stad ein stoppar? Eller skal dei berre syne for andre reisande kor lenge det er sidan sist du vaska deg? Eller at du har vore skikkelig lenge på tur og har eit megaskille om du tek dei av? No sè. Veit ikkje. Nok eit mysterium å finne ut av på denne reisa. Men tilbake til ryggsekkbbomsane sin hovudstad. Den har nemlig enda meir på lager.
The crew
Den har billige bussar (altså lastebilar der ein må klamre seg fast på planet) til strender der det myldrar av frie sjeler på leit etter seg sjølv. Der kan ein surfe, gå på lina, slække i hengekøya eller ta ei øl under ein palme. So kan ein sjølvsagt ta bussen tilbake til byen og dei tidlegare nemnde slitne reggeabarane. Der tek ein gjerne enda ei øl. Ein kan spele eit slag biljard, eller kanskje slenge seg ut på dansegolvet å knirke opp hoftene i eit håplaust, europeisk forsøk på salsa.
Me koste oss retten og sletten glugg i hjel med massevis av surfing og fine folk tre dagar til endes. Mykje takka vere Josh og Tyler, to utruleg hyggelege og hjelpsame karar som fungerte som guidar, surfeinstruktørar og partyfiksarar. Mykje kjekke kontakta ein kan få på ekstremsportveko, gitt.
Surf’s up
På Madera – backpackers paradise
Josh har teke bildet på toppen alle har på seg. Fotograf med fans, altså.
Buenas noches, amigos. – Sigrid