For lenge, lenge sidan fann ei kvinne og ein mann, frå kvar sin indianarstamme, kvarandre. Men foreldra og stammane deira nekta dei å vere saman. Dei bestemte seg for å røme, og til sist såg ikkje paret nokon annan måte å halde ihop på, enn å saman gjere slutt på livet. Men då Ometepe, som indianarkvinna heitte, døydde, byrja brøsta hennar å vekse. Og dei stoppa ikkje å vekse før dei var på storleik med to vulkanar. Mannen smelta ikring henne, og saman danna dei øya som fekk namnet Isla Ometepe. Nettopp denne øya var Sigrid, Lene og eg og besøkte sist helg.
Torsdag ettermiddag reiste vi som rikmenn, med drosje dei tre-fire timane til San Jorge. Der tok vi siste ferja over Lake Nicaragua til vulkanøya. Frå øvste dekk såg vi sola gå ned bak skyene og stjernene kome til syne. Frå mobilhøgtalarane i bakgrunnen ljoma stemma til Enrique.
Vi høyrde hostellet før vi såg det. Der vart vi vel mottekne av engelsktalande backpackarar og bartendarar, med etterlengta potetstappe og kald øl.
Dagslyset blottla ein hage med blomar og sommarfuglar i alle slags fargar, og ei øy dekt i grønt. Vi tok på oss treningsklea og la i veg oppover mot eit fossefall. Og for ei fryd det var å gå i oppoverbakke att! Vi gjekk gjennom skog, hoppa frå stein til stein over elvar og heldt utkik etter apekattar. Med eitt var vi framme ved fossen. Vatnet buldra og kald vind fekk sveitte kroppar til å hutre. Men vi fatta mot og stiltra oss ut i det kalde vatnet. Sogningen kjende seg heime. For oss andre var det heller eksotisk.
Spansken fekk vi god nytte av på kvelden, med mange runder på eit noko skrått biljardbord. Og medan eg var opptatt med å vinne og lære å hovere på spansk, diskuterte Sigrid og Lene nicaraguansk politikk, og avtalte ridetur saman med ein lokal kar morgonen etter.
Morgonen kom, og ei stund etter avtalt tid titta mannen innom. Han lovde å vere tilbake om 15 minutt med ein hest kvar. Etter over ein time med kortspel og venting, ga vi blonken i både mannen og hestane. På leigde syklar trødde vi langs vegen til Ojo de Agua, og brukte dagen der. Vi las, vi sov, vi symde, vi heldt på å svelte ihjel, vi åt. Og så sykla vi tilbake og såg solnedgongen frå utsiktstårnet på hostellet.
Returen til León hadde litt mindre klasse over seg enn den fyrste reisa. Men det gjekk slag i slag, og vi tapte ikkje mange minutt på venting. Bussen til Managua var overfylt, og minst fem damer steig på og av, og selde snacks og drikke, på kvart stopp. Den dyraste transporten var ti minutt med taxi mellom to buss-stopp i Managua. Sjåføren tok tre dollar per person. Ein kan ikkje kome på å prute på alt…
Etter sju timar på reisefot byrja vi å kjenne oss att, og idet vi gjekk ut av siste drosjen, og traska mot hostellet vårt, det gule bygget med den raude døra, kjende eg meg heime.
– Solveig