Semesteret i Nicaragua er over, og det med ei fyrsteklasses avslutning. God mat og drykk, reggaekonsert og timesvis med dansing sette ein solid prikk over dei tre innhaldsrike månadane i León. For ikkje å snakke om at Engasjement Nicaragua har fått inn over vanvittige 60 000 NOK.
På mange måtar er det godt å vere ferdig med undervisning og ha komt seg heilskinna gjennom eksamenar. Men det er sårt å forlate byen, stranda og folka vi har vorte kjende med og glade i. Med blanda kjensler retta eg, saman med Sigrid og fire andre venninner, i går nasen mot Little Corn Island. Ei øy fylt med palmer, omringa av lys sand og klart hav så langt auget kan sjå. Internett må ein leite etter og bilar finst ikkje. Her skal vi ladde batteria ei veke framover, før vi skal reise vidare og gyve laust på heimeeksamen i latinamerikastudier.
– Solveig
Reggae! Foto: Sigrid Skjerdal
Marthe og Rigo kan alt – også å lage fest. Foto: Malene Trondsæter
Fint pynta og god stemning i og rundt strandhuset! Foto: Sigrid Skjerdal
Siste besøk på Barrilete. Foto: Malene Trondsæter
Little Corn!