Munnleg eksamen var over på mandag, tirsdag, onsdag eller torsdag – alt ettersom kva fag og gruppe du tilhøyrde.
Onsdag var det diplomutdeling for spanskstudentane.
Sidan nesten alle var ferdige på onsdag nytta vi denne dagen til avskjedsfest på Santiago. Full fest for alle som bur på “beste-hostellet”. Alle bestille take away mat frå her og der, så samlast vi til langbord og fest. Stemninga steig utover kvelden, som vart minnesrik på fleire måtar.
Torsdag (og onsdag) slacka vi på San Cristobal, eit hotell med basseng. Måtte jobbe litt med solbrentheita! Veldig deilig å ligge i sola/skyggen og slappe av og lese ingenting anna enn skjønnlitteratur.
Torsdag kveld var det avslutningsfest for Kulturstudier. Vi fyllde opp to bussar og reiste ut på stranda. Der hadde dei pynta og laga til skikkelig fint så vi kunne nye kvelden med koldtbord, livemusikk, dj, dansegolv og bar. Innimellom var det talar og gåveutdeling, og avslutningsvis imponerte tre medstudentar stort med sine sang- og musikktalent.
Dansken, Nordmannen og Svensken. |
Fredag valsa vi rundt i gatene vi no kjenner så godt, for siste gong. Og koffertane var ferdigpakka før ein stor gjeng samla seg og åt middag ilag ute.
Hanna tar hol nr.3 i øyret! |
No er kl.01 på laurdag. Om 2 timar går bussen til Managua, der eg skal vere stuptrøtt i eit døgn. Søndags morgon sett eg meg på fyste av fire fly heim.
Hadet bra til alle fantastiske mennesker i Leon! Takk for tre flotte månader! Eg kjem til å sakne dykk..