Eg reiste til Nicaragua for å lære spansk, og endte opp som mange andre med å lære både norske dialektord, svensk, dansk, engelsk (avanserte ord i pensumartiklar) og spansk.
I tillegg har eg lært mykje om kulturen, både i Nicaragua og Latin-Amerika generelt. Dette er ein del av studiet og det er noko vi lever, observerar og opplever i kvardagen.
Det er mykje man plutselig tenker over når ein reiser frå verdas tredje rikaste land til det fattigaste landet i den vestlige sfæra av verda, altså ikkje inkludert Afrika og enkelte land i Asia.
I lista av land etter HDI ligg Noreg på 1.plass og Nicaragua på 129.plass. Av i alt 187 land.
Mest av alt har eg kanskje lært å sette pris på mykje vi har i Noreg, som vi alle tek for gitt. Og eg har lært at enkelt ting faktisk kan vere betre i eit av verdas fattigste land enn i eit av dei rikaste.
Først i ein alder av 23 år har eg tatt meg sjølv i å juble fordi det kjem vatn ut av krana når eg skrur på den. Og først i ein alder av 23 år har eg klappa i hendene ein mørk kveld etter solnedgangen fordi straumen kom tilbake, så eg fekk lys i den eine lyspæra på rommet.
Vatn og straum er noko eg har tatt for gitt meir eller mindre heile livet.
Sjølvsagt har eg opplevd straumbrot og vassløyse i Noreg også, men vi har så mykje anna å hjelpe oss med i dei få timane det er snakk om at vi lid inga naud. Dessutan veit vi at det mest sannsynlig kjem att om nokre timar.
Ein ting eg virkelig satt pris på i Nicaragua var innstillinga hos folket. I alle fall på nokre områder.
I Nicaragua er det viktigaste i livet familie og vennar. Og ein har alltid tid til kva einn det skulle vere.
I Noreg er det viktigaste pengar og velstand. Og tid er pengar. Ergo har ein alltid dårleg tid.
No malar eg sjølvsagt biletet veldig svart-kvitt, medan virkeligheita inneheld mange grånyansar, men du skjønnar poenget.
I enkelte tilfeller kan det vere frustrerande at ting tek uhorvelig med tid. Men eg likar at folka i Nicaragua har tid til deg og ser deg.
I Noreg går folk i gatene og ser ned i asfalten foran seg medan gangen er rask. Ein går berre for å komme seg frå A til B. Og alle rundt deg er framande. Det er nesten slik at ein sjølv også kan bli litt framand.
Medan i Nicaragua smiler folk til deg på gata, og dei ser deg rett inn i augene. I løpet av månadane mine i León var eg fleire gongar i parkane og sette meg aleine på ein benk. Det tok ikkje mange minutta før eg satt og prata med smilande mennesker eg aldri har møtt hverken før eller sidan.
Er det ein ting eg har lært etter å ha reist i snart eit år, så er det å nyte dei små augeblikka. Eg prøvar å ikkje haste av garde frå stad til stad, og ser ikkje berre ned i bakken foran meg. Eg lyftar blikket opp. Eg ser på naturen rundt meg, på husa, på himmelen, på fuglane, på menneska. Eg prøvar å møte blikket til dei eg møter og gir ifrå meg eit smil. Prøv! Det er ikkje farleg, som regel får du smil tilbake også!
Faktisk så er det ikkje alltid eg treng å smile til dei eg møter heller, for når eg tenker over småting rundt meg tek eg meg i å smile for meg sjølv. Når eg då får smil frå framande og eg vil smile tilbake, merkar eg at eg faktisk var den som smilte i fyste omgang.
Her i Noreg er karriere viktig. Ein må ha høg utdanning, få ein god jobb og tjene godt. Så kan du kjøpe både hus og bil og mykje anna materiellt som eigentleg ikkje betyr noko. For det er det som gjer deg lykkelig, ikkje sant?
Eg har lenge sagt at eg egentlig ikkje bryr meg så mykje om kva yrke og lønn eg får, så lenge eg trivast i jobben og eg har tid til familien min. For mest av alt vil eg ha titlane “mamma”, “tante”, “søster”, “venninne”, “kjæreste” osv. Dei er mykje viktigare for meg enn titlar som “professor” og yrkestitlar som indikerar “sosial status” og inntekt.
Sjølvsagt vil eg ha ei ok inntekt så eg kan forsørge min framtidige familie og leve i tryggleik. Men vi bur trass alt i Noreg. Det er eigentleg ingen av oss som har det så fælt som vi skal ha det til innimellom. (Det finnast sjølvsagt tragiske skjebner innafor Noregs grenser også, men det er ein diskusjon for seg sjølv).
Eit middagselskap med gode vennar og familie er like koselig uansett om du serverar maten på dyrt servise til 700kr tallerken eller på kvardagsservise til 40kr tallerken. Maten smakar like godt også, vil eg våge å påstå.
Eg gjentek eit av mine favorittsitat: “It’s the people around you that create your life”.
Over 70% av folket i Nicaragua lever under fattigdomsgrensa. Men dei er likevel rikare i mine auger enn mange i den vestlege verda. Rikdom i menneska rundt seg er ein større rikdom enn pengar på kontoen. Og dette veit dei fleste i Nicaragua.
Har ein familie litt til overs, så gjev dei det vekk til naboen. Så kan naboen gjengje tenesta når han/ho har anledning. Det er ikkje noko poeng i å ha meir enn noko andre. (Då blir det uansett mest sannsynlig tatt frå deg). Og det er ikkje “mitt” og “ditt” på same måte som i Norden. Det er felleskap. Ein passar på kvarandre.
Her har vi Noreg noko å lære.
Kast vekk litt av materialismen og kapitalismen. Det er vanskeleg, eg veit. Eg påstår ikkje at eg får det til.
Uansett kva: Menneska rundt deg er viktigare enn pengar på konto.