«Skulen ligg på stranda». «Møtast på stranda i morgon.» «Studere kan du gjere på stranda.» Stranda, stranda og stranda overalt! Du kan vel seie me rakk å bygga forventningane til vårt første møte med studiesenteret el Pelicano (hugsar ikkje om det e el, la, las, los eller noko anna. Har ikkje hatt vår første gramatikktime enno, ver så snill å bær over med meg) på stranda la Peñitas, om lag tjue minuttar med buss frå Leòn. Og apropos buss, vår ride ROCKAR. Den er grøn og gul med brune skinnseter, ei dør som hanglar og går ikkje fortare enn 40 om vegen hallar oppover. Hovedvegane her er faktisk veldig rette og fine, om lag dobbelt så breie som vestlandsvegane heimefrå.
Men altså, me susar utover ein slik lekker veg i ein lekker buss, rett vest bokstavleg talt. Stillehavet ventar, el ocèano Pacifico. I vegkantane luntar det hestar og kyr, alle så tynne at ein ser både knoklar og bein. Eg klarar ikkje heilt bestemme meg om dei blir vanskjøtta eller om det kanskje er varmen som gjer det. For gras er det nok av, landet er utruleg grønt og frodig! Nokre skulebarn syklar langs hovudvegen, medan ein abuelo, bestefar, slappar av i ein gyngestol utanfor døra på sitt knallblåe hus. Fargerike hus er heilt innafor her i Nica, om ikkje også forventa.
«Næh, ååh! Dette er enda bedre enn jeg forventa meg!» Glade utrop kjem frå heile elevgruppa når me er vel framme ved studiesenteret. Fy flate, noko så lekkert og deilig. Grøne plenar og palmar som gir skugge til bordgrupper der ein kan studere, møter oss i bakhagen. Hovudhuset er stort og åpent, med to etasjar, så det er plass til mange ivrige elevar både oppe og nede. Men så kjem det beste. Ut hovuddøra på framsida. Mot hagen, stranda og ikkje minst havet. Ein hellelagt sti leier vegen rett ut på standa og ut mot horistonten. Eit overbygg med palmestråtak skuggar over fleire sittegrupper. Mellom palmane er det festa hengekøyer, og plenen er så grøn og flat at du kriblar i beina etter å slå hjul som ein åtteåring. Sanden er svart, og brenn under føtene dine.
Og så havet, då. Temperaturen i vatnet kan kanskje tilsvara ein råvarm sommardag i Sogn. Bølgene er mektig store, men ikkje verre enn at nokre lokale surfarar leikande lett dansar innover mot land. Berre barnemat for dei. Me melder oss opp til eit par nosedives og rundar i vaskemaskina når me får leigd oss eit tabla de surf, surfebrett, om ikkje so lenge (forhåpentlegvis!).
Så her skal me tilbringa timesvis med uregelbunde, refleksive og regelbundne verb, la og le, los og las og alle dei andre greiene som framleis berre er som lydar for oss. Nokre av oss, i alle fall. Men nett no ventar sola og el ocèano Pacifico, hasta la vista amigos!
– Sigrid
Lesesalen vår.
Vegen til el ocèano pacifico.
Høg hengekøyefaktor.