Sondre, kongen av å gå seg vill, har lært av feila sine. Laurdags ettermiddag guida han Malene, Mim og meg trygt gjennom León si nasjonaldagsfeiring. Sjølv om Nicaragua ikkje har like ettertrykkeleg feiring som Noreg, kunne nasjonaldagen merkast på det auka folkelivet og korpsmusikken. Med overraska blikk og ertande smil i ryggen, sprang vi sikksakk og kom etter kvart til fredelegare område. Det enda med nokre runder rundt beitemarka til tre-fire hestar og ein busstur heim.

IMG_0776
Feiring av nasjonaldagen i León sine gater.

På kvelden var det festivitas ved stranda, med boksekamp på storskjerm og testing av både dansemoves og spanskkunnskapar.

IMG_0904
USA vann over Mexico.

Nattmaten var allereie ferdigsteikt då han igjen vart slengt på plata for oppvarming. Det var den beste burgeren eg noko sinne hadde smakt.
Til og med ein vegetarianar i klassen ville smake. Eg ga klar beskjed om at ho ikkje skulle svikte standpunkta sine for ein skarve hamburger. Det kjentes liksom litt vekkasta å dele med ein veggis. Så ho stal ein jafs, og syntes det var verdt det.
Bak på eit lasteplan hadde vi god utsikt til den klare stjernehimmelen heile vegen heim.

Dagen etter fann eg meg sjølv gyngande i ein gyngestol utan ein tanke. Lenge.
Som nordmann er eg van med å alltid ha noko fore. Anten er det noko eg skal gjere, noko eg bør gjere, eller noko eg har lyst å gjere, som eg ikkje har fått tid til enno. Manglar eg noko å styre med, må det vere noko eg har gløymt. Eller…?

IMG_3642
Nica time 1:
Sigrid på stranda las Penitas, der vi inni mellom har undervisning.

Det er rart kva samtalar som kan dukke opp når ikkje fjernsynet, dataen eller mobilen sluker tid, eller ulike planar og gjeremål ligg i vegen. Og for ei fridomskjensle det gir å berre vere til!

IMG_3826
Nica time 2:
Sjefen på hostellet.

IMG_3668
Nica time 3

IMG_3667
Nica time 4

Den nicaraguanske haldninga til tid er veldig avslappa, og utan tvil smittsom. Heime i Noreg trur vi at vi lever når vi har fått gjort alle dei tinga vi planla kvelden før. Det eine gjeremålet vert gjennomført med det neste i tankane. Men kva er det å leve, om det ikkje er å vere til stades i handlingane sine – store som små? Nei, takke meg til nica time.

– Solveig

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *