Leik, bading, volleyball, fotball, kortspel, sjonglering, teikning og ikkje minst piñata har vore dagens aktivitetar. Omkring 70 born og foreldre frå León tok bussen til stranda, for å tilbringe dagen saman med oss. Kulturstudier arrangerer ei slik utflukt ein gong i halvåret, i samarbeid med organisasjonen ”Telehablatón conanca”, som hjelper familier med kreftsjuke born. Eg veit ikkje kor gammal denne tradisjonen er, men han starta i alle fall då det viste seg at mange av borna aldri hadde sett sjøen, sjølv om dei berre bur ein halvtimes biltur ifrå.

IMG_3980

IMG_1239

IMG_1243

 

IMG_3989
Pedro (undersjefen på hostellet vårt) er frisk som ein fisk, og bestevenn med Malene.

IMG_1249

Kreften er miskunnlaus og råkar mange. I fattige Nicaragua er det ekstra tøft å kjempe mot sjukdommen, då helsetenesta og staten har langt frå det same tilbodet som vi har i Noreg. Mange familier har ikkje eingong pengar til å reise til sjukehus med nødvendig ekspertise. Så organisasjonen sponsar til dømes tur til Managua, slik at borna kan få medisinsk hjelp. Men sjølv om mange av borna har ein tøff kamp bak seg, og nokre også er midt i han, var det ikkje mogleg å spore sjukdom i gleda og energinivået.

Eg må også seie meg imponert over køkulturen under lunsjen. Makan har eg ikkje sett hos ungar.

IMG_1290

IMG_1272
Sigrid og kompisen går trapper.

IMG_1325
Mim og Yessenia utveksla teikningar.

IMG_1297

IMG_1274

IMG_1348
Piñata!

IMG_1354
Til og med ein svenske fekk prøve seg!

I blaute badekle og med godterier frå piñata’en i lomma reiste gjengen i retur i tre-tida.

Sigrid og eg vart att eit par timar for å gjere lekser i kveldssola, klimpre på gitaren og ta dagens andre cowboystrekk i hengekøyene.

Det har med andre ord vore ein veldig fin søndag.

– Solveig

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *