«Chela, chela!» Energiske barnestemmer strøymer imot oss når vi går inn i murbygningen som utgjer Barilete. Rundt 10-15 små jenter og gutar står med skulesekkane sine på ryggen – leksetida er ferdig for i dag. Omgitt av litt avskala veggmåleri i spreke fargar lyser dei av breide smil. Det tek om lag eitt og eit halvt sekund før den første vesle jenta tek springfart og kastar armane kring halsen på meg. Det tek om lag to sekund før eg har klump i halsen og tårer i augo.
Nicaragua er eit av dei fattigaste landa på den vestlege halvkula. Her lever om lag femti prosent av menneska i fattigdom og om lag 17 prosent lever i ekstrem fattigdom. Mange av dei som blir hardast ramma er born. Prosjektet Barilete er eit av fleire frivillige initiativ i Leòn som rettar seg mot borna som manglar ein stabil og trygg heim. I bydelen Sutiaba i Leòn byrja prosjektet med ei tøff dame ved namn Maria i 2004.
– Det starta med at eg vart kjent med gateborn gjennom eit anna prosjekt. Etterkvart byrja borna å følgje etter der eg gjekk. Etterkvart hjalp eg dei med å skrive seg inn i skulen. I dag får om lag 120 born i alderen 0-18 med alt frå leksehjelp, barnehage, mat og ein trygg leikeplass. For dei aller mest uheldige er Barilete også blitt ein permanent heim, seier Maria om det frivillige prosjektet.
– Me har tre lærerar som jobbar utan løn. I tillegg har åtte ungdommar som har vakse opp på Barilete gått saman og starta ei gruppe for å avlaste dei frivillige som jobbar her. For dei er Barilete framleis heime.
Ti minutt – fullstendig tillitt. Alejandra, med den velse bestemte nasen, prøver å lære Lene å danse. Britany hoppar opp på ryggen min med eit krigshyl, og me snurrar rundt og rundt til hylet går over i klingane latter og dei brune krøllene hennar dansar. Me er allereie gjennomsvette og skitne etter å ha hoppa og rulla rundt på betonggolvet. Likevel har kroppen aldri kjentes så lett. Kanskje er det samvitet som har letta? Eller kanskje er det berre oppdaginga av at desse småtrolla ber so mykje glede og livsgnist, og at me, berre ved å gi dei ein time av vår merksemd kvar onsdags ettermiddag, kanskje har gitt denne gnisten eit ekstra lite pust.
Kulturstudier har sidan 2007 engasjert seg i dette prosjektet. I tillegg til å ha bidrege til at Barilete fekk sitt eige hus, hjelper dei i dag til med ekstra leige av lokale og litt ekstra påskjønnelse til dei tre frivillige lærarane. Samtidig kan studentane frå kulturstudier besøke borna jamnleg for å hjelpe til med lekser, eller berre som ekstra leikekameratar.
Maria fortel at borna på Barilete treng hjelp av ulike grunnar.
– Nokon kjem frå heimar der ein eller begge foreldra har emigrert til USA eller Costa Rica, og ikkje har ressursar til å ta vare på borna sine. Andre har foreldre som er prostituerte eller dopavhengige, og nokre har ingen familie i det heile, fortel leiaren av prosjektet. Sjølv har ho også mann og born, men på grunn av at 18 små bur permanent på Barilete, har heller ikkje ho sove heime på eitt år.
Taxien rullar gjennom holete gater. Gjennom vindauget glir byen forbi, frå bølgjeblikkveggar og gjørmete grøfter i Sutiava, til vinkelrette gater og katedralen i sentrum. Det er kolonitida sin arkitektur, framleis so tydeleg til stades både i bybildet og dei sosiale nivåa. Eit minne frå timane på Barilete glimtar i hovudet mitt: Nokon nappar forsiktig i buksebeinet. Eit lite, tårevått ansikt kikkar opp på meg, og mot ansiktet mitt strekk ho ei opa hand. I handflata ligg ei mjelketann, so lita at den forsvinn i støvet om ho mistar den ned. Eg tørkar tårer og snørr og trøystar så godt eg kan på haltande spansk, og etter ei lita stund skimtar eg eit lite smilehol i dei runde kjakane. Faren avverga for denne gong. Ein liten tanke stikk meg i magen. Finst det nokon som tørker tårene hennar når ho går heim for kvelden?
Frå 7.-31.oktober køyrer me kulturstudie-elevane i Leòn vårt prosjekt Engasjement Nicaragua for å bidra til, blant anna, det flotte arbeidet Maria og dei andre gjer på Barilete. Me treng akkuratt DI hjelp til dette! Følg med – me held deg oppdatert!
1. To hjerteknusarar som møtte oss i døra.
2. Ein veldig, veldig god klem.
3. Etterkvart var det ikkje berre borna som måtte rulle på golvet..
4. Eirik er favoritten, for han er mykje flinkare enn jentene i fotball.
5. Det er heller ikkje so nøye at ballen er punktert, når Eirik og Lene vil vere med å spele!