Tjohei, som det går. Eksamen nærma seg med stormskritt, og difor so gidd eg ikkje skrive noko meir om den. Som alltid er det kjekkare å reise på eventyr og nyte livet i vakre Sentralamerika enn å pugge verb, så då gjer eg det!
Eit av våre nylege eventyr gjekk til Matagalpa, ein by i fjella nord i Nicaragua. Den har stått på topplista for reisemål sidan me kom. For trass i at strand, palmar og sol er balsam for sjela, snik sogningen seg fram og skrik etter fjella med jamne mellomrom. Og du! Kor deilig det var å gå i motbakke att.
Maj-lil i Matagalpa
2.Kaffilandskap
3. La cascada blanca
4. Hyggelig gammel dame
Matagalpa er ein livleg og avslappa by. Det er kjølegare der enn i Leòn, og det var nesten so me ynskja gåsehuda velkommen når den friske lufta sneik seg inn på oss om kvelden. Byen er eit senter for feminisme, og ein kan til ein forandring sjå undertøy på utstilling i butikkane. Fint handtverk, koselege kulturkafèar og museum både for kaffi og sjokolade er noko av det ein kan få med seg (om ein er litt meir velorganiserte enn oss som kom utanom åpningstida på kvart einaste museum, vel og merke). Eit heilt definitivt høgdepunkt var ein organisert tur med selskapet Matagalpa tours, som tok oss gjennom eit fantastisk frodig landskap med må kaffifarmar og andre fruktplantasjar. Dei små gardane ligg spreidd utover dei grøne åsane, bundne saman med eit interekat sti-system. Her må familiane gjerne gå ein halvtime-tjue minuttar over elver og gjennom bananskog for å kome til bilvegen, men ein har i det minste ein usedvanleg vakker utsikt på skulevegen. I grunn skulle me gjerne anlagt 20 minuttar obligatorisk skuleveg gjennom skogen i Noreg òg, kanskje hadde me blitt like spreke som borna som sprang i førevegen for oss på dei sleipe vegane i Matagalpa.
5. Calala – pasjonsfrukt
6. Kakaobønner
På vegen fekk me opplæring i alle slags frukter og bær – for har du nokon gong tenkt på korleis ei pasjonsfrukt vert til? Dei veks nemleg anten på druerankar eller i eit intrikat nett av greiner og trådar, og dei har sesong heile året. Kakaobønna derimot så stor at den hadde passa perfekt i handa til ein vaksen mann, og dessutan er den fin og raud. Avokado veks på nokre høge tre som trivst godt imellom dei lågare banantrea og kaffibuskene. På ein liten farm har dei gjerne både banantre, avokado, pærer, kakaobønner, kaffibusker, mais, poteter eller yukka og andre grønsaker. Dei lagar ost frå den eine kyri dei har gåande bak utedoen, og so bestiller dei litt sukker og ris og klarar seg med det. Og hallelujah, so fine folk! I tillegg til ein lekker nicamiddag hjå verdas mest imøtekommande familie, fekk me læra å lage maistortillas frå botn av, og fekk sjå korleis kaffien blir til frå A til om lag D. For utruleg mykje av prosessen går føre seg etter at bønnene har forlete landet, og det er jo også grunnen til at bøndene sjølv sit igjen med utruleg lite. I år har dei lite pengar i USA, så då går me i minus, sa kaffibonden, rista oppgitt på hovudet og baud oss på nok ein kopp med heimedyrka, heimeplukka, heimebrent, heimemalt og heimekokt kaffi.
8. Nicaraguansk koneemne
Eventyr nummer to gjekk til vulkanen Telica ein laurdagsettermiddag. I superbilen til Rigo med Super-Flavio susa me avgarde på heisann-vegar gjennom skogen i ein og ein halv time. FOR nokre vegar. Dei er vel meir som litt breiare stiar med djupe render der vatnet har greve seg veg. Me var rett og slett litt fillerista nå me kom fram. Turen opp var slettes ikkje lang, men sidan me stadig måtte stoppe opp og setje oss ned for å unngå skyene med svovel som kom rennande nedover. Nett denna dagen hadde vinden bestemt seg for å gå motsatt veg enn den vanlegvis gjer, noko som også la vulkankrateret i skodda dessverre.
9. Klare for lava. (f.v. Marie, Edvarda, Maren, Maj-lil)
10. Godt humør i svovelskodda
11. “Hallo, kem tok med ringen? va det ingen som tok med ringen? Jamen herregud, da må vi heilt tilbake til the Shire å hente den da..”
12. Berre for å sette spissen på ringenes herre-stemninga.
13. Super-Flavio aka the cow whisperer.
I vente på mørkret (når det er mørkt kan ein nemleg sjå ekte lava nede i krateret på Telica, kor rått er ikkje det?!) sette me oss til rett i blant hestar og kyr på ei grøn slette nedanfor krateret. Sondre – the cow whisperer heldt oss med underhaldning, men det vart i grunn litt vel spennande når kyrne fann ut at dei ville ha maten vår. Då la me i veg opp mot vulkanen igjen, der skodda fortsatt låg i tjukke lag over lavaen. Men so! Eit augneblink med klar stjernehimmel, og noko raudt som blinka hundre meter under oss. So fekk me jammen sett lavaen lell, og ein klapperslange med på kjøpet på veg ned. Lekkert. Alt Nicaragua kan by på, når skal ein finne tid til å oppleva alt?
– Sigrid