Eg reiste til Nicaragua for å lære spansk, og endte opp som mange andre med å lære både norske dialektord, svensk, dansk, engelsk (avanserte ord i pensumartiklar) og spansk. I tillegg har eg lært mykje om kulturen, både i Nicaragua og Latin-Amerika generelt. Dette er ein del av studiet og det er noko vi lever,
Category: Nicaragua
Munnleg eksamen var over på mandag, tirsdag, onsdag eller torsdag – alt ettersom kva fag og gruppe du tilhøyrde. Onsdag var det diplomutdeling for spanskstudentane. Sidan nesten alle var ferdige på onsdag nytta vi denne dagen til avskjedsfest på Santiago. Full fest for alle som bur på “beste-hostellet”. Alle bestille take away mat frå her
Skriftleg eksamen er overstått, og mange av oss er fornøgde med eksamen medan andre kun er fornøgde med å vere ferdig. Rett etter eksamen vart det kafébesøk og avslapping på eksamenslokalet, som er det dyraste hotellet i Leon i følge det eg veit. Dei neste timane etter skriftleg eksamen var det nemleg trekking av tema
Slik går dagane for seg, etter skuletid. (ja, vi har undervisning til og med dagen før eksamen). Her øver vi på dei 10 ulike verbformane (som kvar igjen har 6 ulike bøyngar utifrå person og tal). Både regelrette og uregelrette. Også øver vi oss på pronomen, determinativer, gerundium, adverb, preposisjonar og alt du kan tenkje
Vi ankom Ometepe torsdags ettermiddag, litt seiare enn planlagd, og fekk då ikkje utnytta dagen slik som vi gjerne ville. Det som overraska oss mest med øya var kor “stor” den er, altså kor innmari lang tid det tek å komme seg frå ein plass til anna på dei dårlege vegane og kor innmari
Tilbake til Big Corn Island merka vi at den avslappa stemninga forsvann litt. Denne øya er større, og har difor motoriserte framkomstmiddel og eit flust av taxiar. Mykje tuting langs vegane av taxiar som har lyst å tjene ein slant. Eg kjende med ein gong av eg ikkje hadde sakna bilbråk eit sekund. Big Corn
Fredag vendte vi nasa mot Managua og flyplassen, og fekk kjenne på Nica-time. Etter at minibussen mot Managua fyllte seg opp og reiste var vi nr.4 og 5 i køen til neste minibuss. Desse står som regel klar for å fyllast opp, men denne dagen måtte vi vente fleire kvarter før bussen dukka opp. Framme
No har karen min vore her i snart ei veke, og eg kjenner at eg er kjempeheldig som har fått så storfint besøk her nede i “ingen-manns-land”. I helga reiste vi ut til Isla de los Brasiles og slappa avi ei strandhytte. Sidan det var laurdag var stemninga der ute litt høgare enn kva eg
Når ein har fri ein fredag er det nesten obligatorisk å reise på tur. Etter undervisninga på torsdag tok eg buss,drosje, buss og drosje for å komme meg il Estelí. Der møtte eg Hanna og Eline som reiste tidlegare på morgonen. Det gjekk heilt fint å reise aleine. Eg prata blant anna mykje med ein
I helga reiste vi til nydelige Granada. Fyste reisepulje var eg, svenske Charlotta og danske Ida. Svensken, dansken og nordmannen på tur er jo ein god start på mange gode historier, så dette måtte bli bra. Vi visste eigentleg ikkje heilt korleis vi skulle komme oss dit, men vi tok taxi til bussplassen og hørte