«Goodbye chela». Hadde noken sendt eit skikkelig smask og ropt «hola bonita» etter meg på gata i Norge, hadde eg trudd dei var heilt tullerusk. I Nicaragua vart det min første vesle kulturkræsj. Som jente blir ein nemlig vurdert opp og ned av mannfolka ein ser på gata, om dei er ti år eller 55.