Medan eg sykla gjennom Buenos Aires sine gater, kom eg til å tenkja på den gongen Erik i Neset sykla baklengs medan han sat på styret. Då var eg ovsleg imponert. Det vart eg i dag også! Masa Critica er ei verdsomspennande protestrørsle som ynskjer å setja fokus på forureininga bilparken utsett jorda vår for.