Hopp til hovedinnhold

Frihelg frå storbyen

Ei helg i mars reiste tenkte eg og ni andre studenter at me skulle ta litt fri frå storbylivet, og reise ut til ein ranch for ei helg. Her fekk me kopla av og vore litt nær naturen, til ei forandring. Innimellom kan Buenos Aires bli litt vel stor for enkle nordmenn.

|Kristi

Turen starta 12:00 på fredag, då me vart plukka opp i minibuss. Transport både til og frå ranchen vart fiksa av vår kontaktperson der, og alt me måtte gjere var å møte opp og betale.

Køyreturen dit tok om lag fire timar, inkludert ein pause for å gå på do og kjøpe litt mat. På førehand hadde me handla inn det me trong av daglegvarer for helga.

Når me kom fram, vart me tatt i mot av rundt sju hundar, ein skokk med høner, to hestar, ein halt katt og Mariam, vår kontaktperson.

Det fyrste som skjedde var at me fekk ei omvising rundt på den flotte eigedomen deira. Garden bestod av tre hus, stall og eit par andre gardsbygg.

Eitt av husa hadde me til rådigheit for oss sjølv, der det sov seks personar (to i stova, vel og merke), og det var bad og kjøken. Enkelt innreidd, men det fungerte! Dei fire siste sov i eit anna hus, der det også var eit bad.

Bak husa var det stall med hestar, for på denne ranchen dreiv dei med trening av hestar. Framfor husa var det ein stor plen der hundane, hønene og eit par hestar gjekk fritt rundt, og det var eit stort spisebord.

Her vart vårt fyrste måltid fortært: heimelaga ravioli med tomatsaus, servert av Mariam. Ho hadde også baka eit fantastisk godt brød – luksus! Det var litt kjøleg ute, i alle fall for frosenpinnar som meg, så etter middag trakk me inn i huset vårt for å snakke og ha underhalding.

Me hadde på førehand delt inn i tre grupper, der alle gruppene fekk ansvar for å lage eitt eller fleire underhaldningsinnslag til helga. Noko vart gjennomført fredag og noko laurdag. Eksempelvis vart det gjennomført gul bolle, rap, mordmysterium og Beat for Beat.

Neste dag byrja med ein roleg morgon. Alle hadde med eigen frukost, og åt litt når ein stod opp og det passa for kvar enkelt. Litt utpå føremiddagen hoppa alle opp i lasteplanet på Mariam sin blå pickup, og ho og dottera (og ein hund, sjølvsagt), køyrde oss inn til Rojas, den nærmaste byen.

Her vandra me rundt, drakk kaffi og åt kaker på ein kafé. Kontrasten frå Buenos Aires er stor, dette var ein roleg småby med lite liv i gatene, lite trafikk og låge hus – litt meir liknande ein norsk småby!

Resten av dagen gjekk til å gjere det ein ynskte. Ein gjeng hadde ansvaret for å lage middag, og brukte nokre timar på det.

Det var gyros på menyen, og det vart knallbra. Dei andre sat lengje og snakka med Mariam og dottera, og drakk mate saman med dei. Etter middag var det dags for det resterande av underhaldinga.

Etter frukost på søndag hoppa me igjen opp på lasteplanet til pickupen, men denne gangen med sambuaren til Mariam. Han tok oss med til ei elv i nærleiken, der me fekk helse på nokre fiskarar, og han fortalde oss litt om den lokale floraen og faunaen.

Etterpå reiste me på maisslang i ein åker. Sjåføren vår flira og svarte «Yes, it is illegal!» på spørsmål frå oss om me skulle på ekte maisslang.

Me hoppa over eit gjerde og fann oss ein mais kvar som skulle på grillen seinare. Etter denne kriminelle handlinga var det ein liten gjeng som jogga seg ein tur, medan dei resterande slappa av før middag.

Vel heime igjen vart me varta opp med ein fabelaktig asado laga av Mariam og mannen. På bordet var det empanadas, chimichurri, tomatchutney, salat, brød, grilla mais, to ulike typar kjøt, grilla paprika fylt med ost og sjølvsagt – raudvin og Fernet.

Etter asadoen kunne dei som ynskte ri, med hjelp av dottera til Mariam. Til slutt var tida diverre inne for å setje seg på minibussen tilbake til Buenos Aires – litt meir utkvild enn det me var når me kom!

Det er ein helgetur som eg verkeleg tilrår!

Populære studier

Se allearrow-right

    Vi er ANSA-godkjent!

    ANSA er samskipnaden for norske studenter i utlandet.

    ANSAs godkjenningsmerke forteller deg at du kan være trygg på at vi gir deg tilstrekkelig, korrekt informasjon om studiene.

    Kulturstudier på Tiktok
    Kulturstudier Instagram

    Nysgjerrig på hvordan det er å studere i utlandet?

    Følg Kulturstudier

    Få et innblikk i studentenes opplevelser i de ulike studielandene! Hvert semester tar studentene over kontoen vår på TikTok og Instagram.

    Ta testen

    Hva og hvor bør du studere?

    Finn det perfekte studiet basert på det som er viktig for deg.

    Kom i gang

    Søk studieplass

    Klar for å se verden? Send inn en uforpliktende søknad, så tar vi kontakt med deg og hjelper deg på veien videre.