
- Argentina
- Spansk i Argentina
- Spansk med exphil og exfac i Argentina
- Spansk grunnkurs i Argentina
Oppstart i Buenos Aires
Eller det sørlege Paris, som det av og til blir referert til. Det har no gått to veker av semesteret, og det er godt å vere i gang med rutinar etter ein lang juleferie!

Eg studerte gjennom Kulturstudier i Buenos Aires i haust også, og semesteret avslutta heilt i slutten av november. Sidan det har eg brukt tida på å reise rundt i Latin-Amerika, i tillegg til ein liten tur til Lisboa.
Eg kom direkte frå Lisboa til Buenos Aires og var dermed ikkje med på noko fellesreise og sosialisering med andre studentar. I staden for sat eg 9 timar på flyplassen i Sao Paolo i Brasil aleine, midt på natta. Då er det godt det finnast svensk krim på Netflix!
Sidan eg kom nokre dagar for seint til oppstart, tok eg Uber direkte frå flyplassen til skulen. Uber fungerer bra i Buenos Aires, og er trygt. Det blir anbefalt å anten bruke Uber eller BA Taxi, som er gule og svarte med logo på sida.

Sidan eg er fattig student blir det Uber, då det er litt billigare. Det billigaste hadde sjølvsagt vore kollektivt, men med litt dårleg tid valte eg Uber denne gangen.
Me er trass alt i Sør-Amerika, og det høyrer til sjeldanheitene at bussen kjem når den skal!
Vel framme på skulen skulle eg gjennomføre «Spanish Placement Test», som er ein test alle studentane tar fyrste dagen.
Dette er ei spanskprøve som gjev eit svar på kva nivå kvar enkelt skal plasserast på. Ikkje noko å vere nervøs for – prøven tel ikkje inn på nokon karakter, og det er mogleg å byte nivå etterpå dersom nivået du kjem på ikkje kjennast rett!
I Buenos Aires er undervisningsopplegget i samarbeid med eit lokalt universitet, Universidad Nacional de San Martin (UNSAM). Torsdagar er me på campusen til UNSAM, som ligg utanfor byen.

Buenos Aires er både ein by og ein provins, og campus ligg i provinsen, men ikkje i byen. Det er litt lang reiseveg, men det er kult å vere skikkeleg student på campus der det også er lokale studentar. Fredag har me fri, og dei resterande dagane har me undervisning på Volta, som er eit bygg i sentrum.
Sjølv om eg kom litt seint til oppstart, og dei andre i klassen hadde blitt kjend, var det ikkje noko problem. Alle er så hyggjelege, både studentar og lærarar. I min klasse er me berre fem stykkjar, så me blir godt kjent innad i klassen.
Bur ein på hostellet som Kulturstudier tilbyr overnatting på, Milhouse Hipo, blir ein også godt kjend med alle dei andre studentane som bur der.
I tillegg blir det arrangert aktivitetar både av studentar sjølv og Kulturstudier, så å ende opp utan vener er ikkje noko å vere redd for.

Eg veit at dei andre allereie har vore på oppstartsfest, fotballkamp, fotballtrening og hatt felles middagar.
Dette semesteret bur eg i ei leilegheit i bydelen Recoleta, saman med tre venninner som også studerte her i haust. I fjor budde eg saman med dei fleste andre studentane på Milhouse.
Dette var sjukt sosialt og gøy! No følte eg meg likevel klar for å ta steget ut i byen og bu endå meir lokalt, og til no trivast eg skikkeleg. Recoleta er fin og litt tryggare enn bydelen der hostellet ligg, men det er lengre til Volta, skulen som ligg i sentrum.
Likevel går det går regelmessig buss (så regelmessig som du får det i denne verdsdelen), så det er ikkje noko problem! Volta ligg derimot berre 5-10 minutt gange frå Milhouse, noko som er praktisk dersom ein ynskjer å sove lengst mogleg på morgonen.

Recoleta ligg også i nærleiken av fleire parkar, som er veldig fine å springe i for dei som likar det, som eg gjer. Sidan me heller ikkje byrjar på skulen før klokka 10, er det lett å kombinere med ein løpetur før skulen.
I haust sprang eg maraton her i Buenos Aires saman med nokre andre frå studiet. Det var ein sjukt kul oppleving, og noko eg verkeleg anbefaler! Dersom du synast eit heilt maraton er for langt, går det også an å springe halvmaraton eller ti-kilometer.
Det blir arrangert fleire løp både haust og vår. På generelt grunnlag anbefaler eg å bevege seg rundt til beins i byen – ein blir betre kjend, og det er noko å sjå over alt!
Denne helga er det mange som har reist til Mar del Plata, som er ein kystby i Argentina. Det er 5-6 timar med buss. Sidan me har fri fredagar, reiste ein del allereie torsdag kveld. I Mar del Plata kan ein bade og surfe.

Ei nedside med Buenos Aires er at det ikkje er strand i sjølve byen, noko som er litt leit når gradestokken bikkar 30 grader, og det gjer den regelmessig i februar. Då er det fint å kunne reise på ein helgetur til ein strandby og slappe av!
Eg valte å bli verande i byen denne helga, og fredagen gjekk til ein bytur med second hand-shopping og å ta ut pengar. Cash is king i dette landet!
På veg heim frå byen kjøpte eg ein empanada, som ein kan seie er ein slags liten calzone som finnast over alt i Latin Amerika. Det går an å få fylt med til dømes ost og lauk, ost og skinke, graskar eller kylling.
Enkelt og billig på farten, og ein standard lunsj dagane me har skule, sidan det ligg fleire små bakeri som sel empanadas rundt skulen (og på UNSAM campus). Så var det berre å skunde seg heim for å rekkje tacofredag med kollektivet og vors med fleire frå studiet og nokre lokale!