
Kvinnedagen i Buenos Aires
Laurdag 8. mars var det duka for den internasjonale kvinnedagen, og den vart feira!

Dagen starta med kvinnedagsfrukost med mitt kollektiv. Det vart også arrangert felles frukost på studentheimen Milhouse, men sidan me bur eit stykkje frå hostellet, konkluderte me med at det vart litt stress å reise dit på morgonen.
Etter frukost sette me oss på bussen, og reiste til Milhouse for å møte dei andre. Mange hadde hatt ein litt lang kveld ute på byen dagen før, og måtte slappe av etter frukosten, men me var ein liten gjeng som sat i fellesområdet, drakk mimosa og snakka.
Alle hadde pynta seg i lilla (kvinnedagsfargen) og med glitter, så alle såg svært bra ut.
Når klokka byrja å nærme seg 16 gjorde me oss klare til å gå ut for å sjå på paraden. Den skulle gå frå kongressen til Plaza de Mayo. Båe deler ligg 5-10 minutt gange unna Milhouse.
Paraden hadde ikkje byrja å røre seg når me kom, så me gjekk forbi heile og kjente på stemninga og folkelivet. Paraden var 4-5 kvartal lang, og full av kvinner, flagg, kamprop, tilskodarar og gateseljarar.
Argentinarar er jamt over kjent for å vere glade i å nytte seg av retten til å demonstrere, og gjennom eit halvår i Buenos Aires har eg fått med meg mange forskjellige demonstrasjonar. Som regel går det fredeleg for seg, men det skjer også at det oppstår opptøyar, så det blir generelt tilrådd å halde seg på avstand.
Når det gjeld kvinner som demonstrerer i landet, har det ei lang historie. I 1977 vart det starta opp ein organisasjon kalla «Madres de Plaza de Mayo», altså mødrene på Plaza de Mayo.
Dette skjedde under militærdiktaturet, då det var mange argentinarar som forsvann sporlaust som følgje av at dei viste politisk motstand eller liknande. Det var mødrene til desse personane som reiste for å demonstrere på Plaza de Mayo, for å prøve å få sønene sine tilbake.
Sidan det var forbode å samlast i store forsamlingar, byrja mødrene å gå i sirklar rundt monumentet midt på plazaen. Dette vart ein vekentleg protest som skjedde kvar torsdag ettermiddag.
Den dag i dag møtast mødrene framleis kvar torsdag for å demonstrere, men no for andre saker. Ei av sakene er bekymringa for at kvinner sine rettar skal bli innskrenka under noverande president Javier Milei.
Til dømes vart abort legalisert i Argentina i 2020, og no er mange redde for at denne retten skal bli fråtatt kvinnene att, som følgje av utsegn og handlingar frå presidenten.
Han har blant anna lagt ned departementet for kvinner, kjønn og mangfald. Generelt er likestillinga i Argentina kome ganske langt, i alle fall teoretisk sett, men som ein av lærarane mine i haust sa: «reiser du til kjøtseljaren som kvinne får du eit dårlegare stykke kjøt til høgare pris enn som mann». Det er altså framleis litt å demonstrere for.

Etter å ha gått rundt heile paraden, som ikkje hadde byrja å bevege på seg endå, kjøpte me choripan på gata. Choripan er argentinsk chorizo, og blir servert i bagett, ofte med chimichurri og ein slags salsa av lauk og paprika.
Veldig stemning å få servert rett frå grillen på gata! Det var også mogleg å kjøpe anna mat, som burgar og sandwichar.

På kvelden var det gratis utandørskonsert med symfoniorkesteret i byen, på Puerto Madero. Det var ein veldig fin oppleving med mange frammøtte.
Etter dette var det berre å kome seg på bussen heim, sliten og glad etter ein lang dag.